Quantcast
Channel: Kaker – Alt godt
Viewing all 53 articles
Browse latest View live

Oreo-kake

$
0
0

I dag får du oppskrift på ei av dei nymotens kakene, oreokake. Det er ikkje mange år sidan Oreo-kjeks, desse svarte amerikanske kjeksa med ostekrem inni var uråd å få tak i her i landet. Ein spesialbutikk i Vika i Oslo selde dei til blodpris, det var einaste sjanse. Men no er dei å få tak i i dei fleste butikkar, og vi har også fått den norske kopi-kjeksen Dots. Denne kaka kan gjerne lagast med Dots og viss du ikkje finn Oreo-kjeks.

Oreokake finst i alle variantar, som iskake, som bakt kake og som ”ostekake”. Min variant er ostekakevarianten, og den er faktisk ganske kjapp å lage. Du kan lage den same dag som den skal serverast, men den blir best om den får stå til dagen etter. Når eg lagde denne skulle det gå fort, så då brukte eg sjokolademousse på pakke. Du kan sjølvsagt like gjerne lage den med heimelaga, skikkeleg sjokolademousse. Slik gjer du det:

Oreokake

3 pakkar oreo-kjeks

100 g smør

250 g kremost naturell

2 dl kremfløte

1 boks crème fraïche

3 ss melis

2 ts vaniljesukker med ekte vanilje

1 pk. Sjokolademoussepulver

2 dl heilmjølk

Riven sjokolade eller sjokoladesaus til pynt

Pisk sjokolademoussepulveret ut i 2 dl mjølk til det vert fluffy og tjukt. Set det i kjøleskapet.

Knus to pakkar kjeks i ein hurtigmiksar. Ha smulane i ei skål. Smelt smøret og bland i smulane. Set ein 24 cm vid springformring på det fatet du vil servere kaka på, og fordel kjeksblandinga i ringen. Set dette kaldt.

Pisk crème fraïchen stiv, det går fort med ein handmiksar. Bland inn melis, 1 ts vaniljesukker og kremosten. Pisk dette til det er heilt glatt. Fordel det over kjeksbotnen.

Del kjeksa som er igjen i fire med ein skarp kniv (eller berre knus dei). Fordel kjeksa utover ostekremen, og dytt dei gjerne litt ned i kremen. La kaka stå i kjøleskapet ein halvtime. Fordel så sjokolademoussen over ostekremen, og la det stå litt til.

Pisk kremfløten stiv med 1 ts vaniljesukker rett før servering. Skjer ringen fri frå kaka med ein skarp kniv, og fjern den. Fordel kremen oppå kaka, og pynt med riven sjokolade eller sjokoladesaus som du ringlar over.


Arkivert under:Dessert, Kaker, Noko søtt, Ostekaker

Kvæfjordkake – verdens beste kake!

$
0
0

Uansett om det er bryllup eller begravelse, bursdag, dåp eller konfirmasjon, når det er fest må det stå kvæfjordkake på bordet hos oss. Den er til og med enkel å lage, det er det beste. Og så den gode smaken, då.

Eg har alltid irritert meg over at det vanskelegaste med kaka er å smøre deigen til botnen tynt utover. På eit eller anna tidspunkt gjekk det sjølvsagte opp for meg; Oppskrifta mi er for lita. Eg har ei ganske stor langpanne, og då vert oppskrifta for liten. Difor får du i dag oppskrift på kvæfjordkake til stor langpanne.

Eg har tidlegare fortalt om bestemora mi, som måtte ha Tate & Lyle-sukker når ho skulle bake. Når ein skal røre smør og sukker kvitt, eller lage marengs, er det ein kjempefordel å ha det sukkeret. Det er mykje finare enn vanleg sukker, og dermed får du ein luftigare og glattare marengs, og det går fortare å røre smør og sukker kvitt. Slik gjer du det:

Kvæfjordkake

150 g romtemperert smør

180 g sukker

6 stk eggeplommer

0,5 dl mjølk

240 g kveitemjøl

1,5 ts bakepulver

1,5 ts vaniljesukker

Marengs:

6 eggekviter

300 g sukker

100 g mandelspon

Fyll:

3 dl kremfløyte

Vaniljekrem eller romkrem

Set steikeomnen på 180 grader. Rør smør og sukker kvitt, ha i eggeplommene ei og ei, og mjølk. Sikt saman mjøl, bakepulver og vaniljesukker og rør det godt inn i deigen. Kle ei stor langpanne med bakepapir og fordel deigen utover i et tynt lag.

Stivpisk eggekvitene og ha i sukkeret. Pisk vidare til alt sukkeret er løyst opp. Hell marengsen over røra i langpanna. Strø 100 g mandelspon (hakka mandlar) over det heile. Steik kaka ved 180 grader i 25-30 minutt, til marengsen er stiv og har fått ein gyllen farge.

Avkjøl. Piske fløyten stiv og vend inn vaniljekrem eller romkrem. Del kaka i to og legg kremen mellom flaka. I forrige veke serverte eg den berre til vaksne, og då supplerte eg romkremen med to korkar kvit rom. Det ga den eit løft, så prøv gjerne det om du er i det rampete hjørnet.


Arkivert under:Billig mat, Fest, Kaker, Langpannekaker, Noko søtt, Veggis

Ostekake med rabarbrakompott

$
0
0

Få ting varslar våren som feite, fine rabarbraknoppar som sprenger seg opp av jorda.

Og no står den i si fulle prakt, hos meg har den til og med gjort seg klar til bløming. Det set eg ein stoppar for, eg kuttar vekk blomestenglane så snart eg ser dei. Eg vil ha flottast mogelege stilkar, eg vil ikkje at rabarbraen skal bruke krefter på å bløme.

Rabarbra kan saftast, syltast eller brukast i chutney, men i dag skal du få oppskrift på ei ostekake som eg dekker med eit lok av rabarbrakompott.

Rabarbra har ein tydeleg, syrleg smak. Det betyr at den kan godt kombinerast med feitare smakar som rømme, kremost eller smør. Den må sukrast godt, elles vert den utoleleg sur. Men den toler og godt å spele på lag med ulike krydder med varme smakar. I dag har eg kombinert rabarbraen med vanilje og kanel, begge passar godt til den syrlegfriske rabarbrasmaken.

Når eg skal lage fine kaker med rabarbra brukar eg å plukke dei raudaste stilkane. Dei gir penast farge, og når fargen skal syns, som på ostekaka, likar eg best at den er raud. Men det går sjølvsagt fint å lage denne med vanleg rabarbra og. Ostekaka bør lagast dagen før, slik at ostemassen får sette seg ordentleg.

Ostekake med rabarbralok

200 g grove kjeks, eg brukte kornmo

75 g smør

2 ss brunt sukker

1 ts kanel

Til fyllet:

400 g kremost

1 dl seterrømme eller creme fraiche

3 egg

100 g sukker

1 ts vaniljesukker

Til toppen:

2 dl seterrømme eller creme fraiche

2 ss sukker

1 ts vaniljesukker

Til rabarbrakompott:

500 g rabarbra, skylt og kutta i tynne skiver

75 g sukker

1 ts kanel

1 dl vatn

1 ss maisennamjøl

Set steikeomnen på 180 grader.

Smelt smøret. Ha kjeks, sukker og kanel i ei matmølle, og køyr det glatt. Bland saman kjeksblandinga og smøret. Legg matpapir mellom ringen og botnen på ei 24 cm springform og trykk blandinga av kjeks og smør ut i ringen. Ver nøye langs kanten, så ostemassen ikkje lek ut. Set forma i kjøleskapet slik at den kan kolne medan du lagar fyllet.

Ha rabarbraen i ei gryte med kanel og sukker og halvparten av vatnet. La det koke opp, og koke på middels varme i to-tre minutt til rabarbraen er heilt mør. Løys opp maisennamjølet i resten av vatnet, og rør det i kompotten. La den koke opp igjen, og putre i to minutt. Sjekk at den er passe tjukk. Set den til side.

Ha kremost, 1 dl rømme, egg, 100 g sukker og 1 ts vaniljesukker i ein bolle, og pisk det glatt med ein handmiksar. Slå det i forma, og steik kaka på 180 grader i 35-40 minutt. Rør saman 2 dl rømme, 2 ss sukker og 1 ts vaniljesukker, og slå det over kaka. Set forma inn igjen, og la den stå 5 minutt til. La kaka kolne på benken, og set den i kjøleskap i forma natta over. Dette er viktig både fordi den då blir lettare å handtere, og fordi den smakar betre dagen etter.

Skjer rundt kanten på springforma, og la kaka forsiktig gli over på ei skjerefjøl som er brei nok. Ha fatet ved sidan av, og bruk botnen på forma til å føre kaka over på fatet. Slå rabarbrakompotten over kaka før servering.


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt, Ostekaker, Veggis

Rabarbrapai

$
0
0

Du får to rabarbrakaker på rappen denne helga, denne er ein klassisk pai, som eg aldri blir lei av. Den er også krydra, i dag har eg brukt kardemomme. Slik lagar du den:

Rabarbrapai med kardemomme

Paideig:

150 g mjøl

75 g smør

30 g sukker

½ dl vatn

Topping:

1,5 dl havregryn, lettkokte

3 ss sukker

50 g smør

1 ts kardemomme

Fyll:

700 g rabarbra

100 g sukker

½ ts kardemomme

Set steikeomnen på 200 grader.

Ha mjøl, sukker og smør i ei matmølle, og køyr det til ein smulete deig. Ha i vatnet, og la matmølla gå litt til, slik at deigen samlar seg om kniven. Form deigen til ein diskos, og legg den i kjøleskapet ein halvtimes tid.

Ha ingrediensane til toppingen i matmølla, og køyr dei til ein grynete masse. Ha den over i ei skål og set den i kjøleskapet.

Kjevle ut paideigen, og dekk ei 25 cm paiform med den. Kutt av det overflødige som heng ut over kantane, prikk botnen og legg nokre erter eller glassteinar i forma for å halde botnen nede. Forsteik paiskalet lågt i omnen på 200 grader i 10 minutt.

Ha den oppkutta rabarbraen i forma, og dryss over sukker og kardemomme. Smuldre toppingen med fingrane, og fordel den over forma. Steik paien på 200 grader i 30 minutt. Server med piska krem eller vaniljeis.


Arkivert under:Billig mat, Fest, Kaker, Noko søtt, Pai, Veggis

Saftig sjokoladekake med appelsin

$
0
0

Denne kaka vart utruleg god, så god at den vart borte før eg kom på at eg burde teke eit bilde av den. Men ta mitt ord for det, du burde prøve denne oppskrifta!

Sjokoladekake med appelsin
150 g smør
300 g sukker
3 store egg
2,5 dl appelsinjuice
100 g kokesjokolade
250 g kveitemjøl
3 ts bakepulver
Rive skal av ein appelsin
Til dynking:
0,5 dl appelsinjuice
Sjokoladekrem:
2 ss kokande vann
1 ts kaffepulver
100 g kokesjokolade
250 g melis
50 g smør
1 egg
Pynt:
Marsipanroser
Pisk mjukt smør og sukker til smørkrem. Pisk inn egga, eitt om gongen. Varm opp appelsinjuicen,  og smelt sjokoladen i den varme juicen. Avkjøl litt og rør deretter inn i smørkremen. Sikt mjøl og bakepulver saman og vend inn i deigen til slutt.
Ha deigen i ei rund form (26 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka midt i ovnen ved 180°C i ca 45 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne at kaka er gjennomsteikt. Pinnen skal vere tørr når du tek den ut av kaka. Avkjøl kaka i forma. Så langt kan du med hell førebu kaka dagen før.
Ta kaka ut av forma og fjern bakepapiret. Del den i to botnar og dynk dei med litt appelsinjuice.
Til sjokoladekremen løyser du først kaffepulver opp i kokande vann. Smelt sjokoladen saman med kaffen i ei lita gryte på låg varme. Pisk mjukt smør saman med melis og egget. Rør inn den smelta sjokoladen. Smør eit lag sjokoladekrem på botnen, legg på toppen og dekk kaka med sjokoladekrem. Pynt med det du syns passar, vi lagde marsipanroser, men du kan gjerne bruke strøssel, riven kvit sjokolade eller mokkabønner.

Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt, Sjokoladekake, Veggis

Lett ostekake med hylleblomstsmak

$
0
0

Eg venta ein gjeng med fine damer på besøk i går, og då måtte eg bruke litt av den lyse, fine hylleblomstsafta eg hadde laga tidlegare i veka. Kaka er lett, nesten som ein fromasj, med mest kesam i seg. Slik gjorde eg det:

Ostekake med hylleblomstsmak

Botn:

200 g søte, grove kjeks, eg brukte sibas-kjeks

80 g smelta smør

2 ss brunt sukker

Fyll:

Tre beger vanlig kesam (du kan også bruke vaniljekesam, dropp i så fall vaniljesukkeret)

300 g kremost, type philadelphia

2 pakkar sitrongelé

5 dl vatn

2 ss melis

2 dl hylleblomstsaft

Gelélok:

5 dl konsentrert hylleblomstsaft

6 plater gelatin

Vatn til bløyting

Kok opp 5 dl vatn. Trekk det til side, og rør i to pakkar sitrongelé. Rør i to-tre minutt til alt er oppløyst. La det kolne eit kvarters tid medan du lagar botnen og resten av ostemassen.

Smelt smøret. Knus kjeksa i ei matmølle, ha i sukkeret og smøret. Bland det godt. Sett ei 26 cm springform utan botn på det kakefatet du vil servere kaka på. Eg brukar å teipe skjøten på forma på høgkant, då unngår eg at ostemassen sig ut viss forma har fått seg ein trøkk.

Trykk kjeksmassen ut i forma, spesielt godt ut i kantane. Det må vere heilt tett, elles renn ostemassen ut. Set dette kaldt.

Ha kesam og ost i ein bolle. Rør det saman, og ha i melis, vaniljesukker og konsentrert hylleblomstsaft. Rør godt så alle klumpar har løyst seg opp, og ostemassen er glatt og fin. La det gjerne stå litt, slik at lufta som har blitt piska inn får stige til topps. Rør inn sitrongeléen til slutt.

Ha ostemassen i forma. La det stivne i kjøleskap i fem-seks timar. Gi 5 dl hylleblomstsaft eit raskt oppkok. Legg gelatinen i bløyt i ei skål med kaldt vatn. La den ligge i fem minutt. Kryst det overflødige vatnet ut av gelatinplatene, og ha det i den varme safta. La dette kolne i eit kvarters tid, gjerne i kaldt vassbad. Eg set kjelen oppi ein større kjele som er halvfull med iskaldt vatn. Då kolnar det fort. Hell den avkjølte geléen oppi forma oppå ostemassen. La det heile stå to-tre timar til, til geléen er heilt stiv.

Pynt kaka med jordbær, og server med god te og kaffe. :-)


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt, Ostekaker, Veggis

Den store bryllupskaka

$
0
0

4. august gifta to av dei vakraste menneska eg kjenner seg, og gåva vår til dei var bryllupskaka.

Det har liksom blitt ein tradisjon, det at eg lagar bryllupskaka til vennar og kjente, og det er ei like stor glede kvar gong.

Denne gongen ynskte brudeparet seg ei marsipankake, og det fekk dei. Sidan det var vår gåve til dei var det naturleg å pynte den som ei gåve, med pakkeband, roser og det heile. Som dei fleste marsipankaker hadde denne sukkerbrødbotn. Den må lagast i omgangar, og har du to kjøkkenmaskiner som kan gå parallelt er det det beste. Du må også ha ei djup langpanneform, elles må den steike i veldig mange omgongar.

For å gjere dette slik at den er klar til du skal i vigsla må du byrje dagen før, og då bør du ha eit kjølerom til kaka over natta. Alternativet er å fylle den på sjølve dagen, men den vert saftigare og betre om den får stå med fyllet over natta. Vi budde midt i eit bringebærland, så vi fekk ha kaka i kjølerommet til bringebærbonden over natta.

Kaka vart pynta på ei spesiallagd plate som passa akkurat til eit bord familien hadde. Husk på at du må kunne flytte kaka på den flata du pyntar den på. Slik gjorde eg det:

Kakebotn:

6 egg

180 g sukker

120 g kveitemjøl

60 g potetmjøl

1/2 ts bakepulver

Sett omnen på 160 grader, ikkje varmluft.  Knekk egga i vispebollen, og ha i sukkeret. Pisk dette til stiv eggedosis, det tek gjerne 5-10 minutt. Bland saman det turre i mellomtida. Legg bakepapir i forma.

Ta bort vispen, og ta bollen av maskina. Bruk ein halv ballongvisp eller liknande, og vend mjølblandinga forsiktig skei for skei inn i eggedosisen. Hell røra i forma. Gjenta operasjonen (lag ei ladning til) til du har fylt opp langpanna. Steik kaka på 160 grader i ca. 35 minutt, på nederste rille. Blir det røre til overs kan du fylle det i ei brødform eller i ei lita langpanne. Det er fint å ha litt ekstra botn til å fylle på med når du held på.

Når kaka er steikt, tek du den ut av omnen og vender den på ei rist. La den kolne der, gjerne over natta. Del kaka i tre ved å skjere eit jamnt, vassrett kutt inn i kaka rundt heile kanten. Legg ein sterk sytråd inn i kuttet, og dra den fram og tilbake til du har delt frå øverste laget av kaka. Gjenta dette slik at du til saman har tre lag.

 Lag tre ladningar av denne kakerøra, det fyller ei høg langpanne på 30×40 cm. Gjenta det heile ein gong til viss du vil ha ei kake som er 60×40 cm. Den vi lagde var 70×80 cm, så eg kom ut av tellinga. Eg trur botnane til vår kake totalt inneheldt mellom 40 og 45 egg.
Fyll:
Bringebærmousse
1,5 kg bringebær
300 g sukker
2,5 liter kremfløte
30 (!!) gelatinplater
1 dl vatn
Rør bæra med sukkeret til bæra har løyst seg opp. Sil bærmassen gjennom eit såld slik at du vert kvitt alle frøa. Pisk kremfløten stiv. Legg gelatinplatene i bløyt i eit vidt fat, til dømes ei eldfast form. Når dei har blitt mjuke krystar du ut vatnet. Ha dei i ei gryte saman med 1 dl vatn. Set det på middels varme, og la gelatinen smelte. Det skal ikkje koke. Rør gelatinen inn i bærmassen. Vend saman bærmasse og kremfløte. Set moussen kaldt ein times tid. Den bør ikkje stå lenger, for den kan bli for stiv av gelatinen.
Kremfyll:
2 liter kremfløte
5 dl syltetøy, eg brukte jordbær og rabarbra-syltetøy, utan ingefær.
Pisk kremen ganske stiv. Vend inn syltetøyet. Smak om du syns det er passe, suppler eventuelt med ekstra syltetøy.
Del sukkerbrødbotnane i tre, og fordel dei på plata du skal ha kaka på. Legg på eit lag med syltetøykrem. Dekk dette laget med eit lag med sukkerbrød. Fordel bringebærmoussen over kaka. Legg på sukkerbrød igjen, slik at alt er dekka.
Pisk 2 liter kremfløte, vi piska to pakkar i gongen, med litt melis og vaniljesukker. Fordel kremen utanpå kaka.
Kjevle ut marsipan, vi brukte overtrekksmarsipan frå Pals. Lag loket i fire leivar, og klipp eller skjer bort det overflødige.
“Krøllane” lagde vi ved å elte inn 1 ts spiseleg lim i 300 g rosa marsipan. Så vart den kjevla ut, og eg skar ut strimlar med eit pizzahjul. Så tvinna eg strimlane lett, og la dei på eit steikebrett. Der låg dei til tørking over natta, og dagen etter var dei stive, men ikkje slik at dei knakk. Dei store krøllane vart laga av den same marsipanen, og snurra rundt glatte og rette glas. Endane vart festa med det same limet, og så vart det løsna frå glaset med ein skarp kniv dagen etter.
Rosene er lagde med rundingar som er lagde sidevegs over kvarandre, og så rulla saman. Rullen vert delt i to, og blada vert forsiktig bretta utover. Kalaene vart laga med eit hjerteform. Eg farga ein liten klump marsipan gul til støvberaren. Hjartet vart trykt ut i kvit marsipan. Støvberaren la eg i midten, og så rulla eg hjartet saman med spissen opp. Dei vart limt saman med vatn. All pynten er festa på kaka med spiseleg lim, sidan den skulle fraktast.

Arkivert under:Bryllup, Fest, Kaker, Lykke, Noko søtt

Den beste eplekaka

$
0
0

Det bugnar av eple akkurat no, og eg har ein hage eg kan gå på slang i med samtykke, så eg er heldig.

Epla lagar eg mos av, eg saftar dei og eg bakar deilige eplekaker. Denne vart spesielt god, den er lett krydra, og i tillegg er den laga med bruna smør, slik eg tidlegare har gjort med mi plommekakeoppskrift. Det gir ein ekstra fyldig og god smak. Den er fri for egg, i tilfelle du har eggeallergikarar i familien er den perfekt å lage når dei kjem på besøk.

Den beste eplekaka lagar du fort og enkelt, det som tek lengst tid er eigentleg å brune smøret. Det kan du gjere på førehand om du vil, men eg gjorde det medan eg rensa epla. Det tek si tid når ein både skal fjerne kjernehuset, stilk og blomst og så skrelle dei. Eg har ikkje fått meg ein slik fiffig eplemaskin enno, det burde eg kanskje. Men dei slangepla eg får er så uregelmessige i forma at eg trur eg ville slite med å få køyrt dei gjennom skrellemaskinen.

Husk at det kun er meierismør som gjer susen i denne oppskrifta. Å brune margarin er ganske enkelt ikkje særleg vellykka, syns eg. Det franske smøret du finn i butikkane no er heilt greitt å bruke. Eg har krydderet i smøret medan det brunar seg, då blir ikkje smaken så markant, men likevel til stades i kaka. Slik gjorde eg det:

Den beste eplekaka

175 g smør

225 g kveitemjøl (ca. 3,5 dl)

200 g sukker (ca. 2,5 dl)

1,5 dl mjølk

1 kanelstang

1 stjerneanis

1,5 ts bakepulver

1/2 ts salt

3-4 eple

Sett omnen på 200 grader. Gjer klar ei lita springform, ca. 20 cm, ved å legge bakepapir i botnen, og å smøre kantane med smør og å drysse dei med mjøl som du ristar ut av forma til slutt. Du kan bruke vidare former og, men då blir kaka ikkje så høg og fin.

Ha smøret i ei tjukkbotna gryte saman med kanelstanga og stjerneanisen, og la det koke på middels varme til smøret har fått ein gyllen farge. Rør i det av og til, slik at det ikkje brenn seg i botnen. Når det har fått den fargen det skal ha, set du det til side.

Skrell epla, fjern kjernehus, stilkfeste og blomst, og del dei i båtar.

Bland saman mjøl, sukker, bakepulver og salt i ein bolle. Fisk ut krydderet av smøret. Slå mjølka oppi smøret, og hell det oppi mjølblandinga medan du rører godt. Hell røra i kakeforma. Legg epla nedi forma, så mykje som du berre får plass til.

Steik kaka på 200 grader i ca. 30 minutt. Sjekk med kakenål eller ein spagettipinne om den er ferdig. Den er ferdig når pinnen kjem ut utan kakerøre på seg, og kaka er gyllen og fin. Server kaka med vaniljesaus, piska krem eller vaniljeis. Vaniljekesam er også godt til.


Arkivert under:Billig mat, Eplekaker, Kaker, Noko søtt, Veggis

Peanøttkaker

$
0
0

Dette er ein gamal favoritt her i heimen som eg har vridd litt på i år. Slik originalen var så vart det meir som havreflarn med peanøtter i. Eg ville ha dei litt meir cookies-aktige.

Så det eg gjorde var å redusere litt på smørmengda, og putte i peanøttsmør i tillegg. Det vart godt, så då delar eg oppskrifta sjølvsagt med deg. Slik gjorde eg det:

Peanøttkaker (ca 36 kaker)

1 egg

2 dl sukker

2 dl havregryn

75 gram smør

50 g peanøttsmør

3 ss kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

1 ts kakao

100 gram salta peanøtter

Pisk eggedosis av egg og sukker. Smelt peanøttsmøret i ei lita gryte saman med smøret. Tilset havregryn og smelta smør. Vend inn det turre.  Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er.

Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen på den eine skeia og ta av med den andre slik at det blir små toppar med god avstand mellom kakene. Ei teskei røre er nok, dei vert større enn du trur. Du får berre 9 toppar på eit steikebrett.  Steik kakene øverst i omnen i ca 8 minutt på 200 grader.

La kakene kolne på bakepapiret, dei er blaute idet dei kjem ut av omnen men stivnar fort. Desse kakene er svært populære blant ungane, og må ikkje stå framme når dei kjem svoltne heim frå skulen, for då er dei vekk! Men dei er superenkle å lage, så då lagar du berre ein porsjon til, ikkje sant? Ein boks med slike kaker er ei fin gåve å gi bort og. God bakst!


Arkivert under:Billig mat, Jul, Kaker

Appelsinostekake med mandelbotn

$
0
0

Denne kaka er ein rein nytelse, med den klassiske kombinasjonen av sjokolade og appelsin som eg og mange med meg er utruleg glade i. Men stort sett kjem kombinasjonen i ei sjokoladekake, i dag kjem den i ei ostekake.

Appelsinene er på sitt beste akkurat no, så då gjeld det å utnytte den gode smaken no på etterjulsvinteren. Då passar det som hand i hanske å lage denne gode ostekaka med appelsinsmak.

IMG_2925Appelsinostekake med mandelbotn

Kakebotn:

5 eggekviter

½ ts salt

1 ts eddik

125 g sukker

1 ss potetmjøl

100 g mandlar

100 g kokesjokolade

IMG_2908Ostemasse:

400 g kremost

5 eggeplommer

1 dl kremfløte

125 g sukker

1 ss vaniljesukker

2 ts rive appelsinskal

Pynt:

20 g kokesjokolade

Halve valnøtter

Pisk eggehvitene stive med eddik og salt. Ha i sukkeret litt og litt. Pisk vidare til du har ein stiv og fin marengs. Hakk mandlane i ei matmølle. Dei skal vere ganske finhakka. Knekk sjokoladen i bitar, og hakk den og oppi same bolle. Bland inn ei skei potetmjøl og vend blandinga inn i marengsen.

Ha massen i ei smurt rund 26 cm kakeform. Eg brukte ei smurt paiform med litt høge kantar, men du kan også bruke ei bløtkakeform. I så fall bør du ha bakepapir i botnen. Dra mandelmassen utover i forma og opp langs kantane, slik at det blir plass til ostemassen etter at botnen er steikt.

Steik botnen midt i omnen ved 170°C i 25 min. Ta forma ut og sett den på rist.

Lag ostemassen medan botnen vert steikt: Ha alt i ein bolle og pisk til ein glatt krem. Hell ostemassen over kakebotnen i forma. Steik kaka vidare midt i omnen ved 170°C i 25 min til. La kaka kolne i forma.

Skjer rundt kanten viss du har brukt springform, og la den gli over på eit kakefat. Viss du har brukt ei paiform så pynt kaka i forma. Legg på halve valnøtter i mønster, og riv sjokolade over.

God helg!


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt, Ostekaker

Kaketips for 17. maifest

$
0
0

Alt godt:

Høyrde du meg på radio i dag? Det var dette innlegget eg snakka om:

Fyrst posta Alt godt:

På vår skule er det kvart år fjerdeklasseforeldra som lagar 17. mai-fest for skulen og nabolaget. Foreldregruppa vert delt inn i ei teknisk gruppe som riggar og fiksar, ei leikegruppe (enklaste jobben…) som organiserer sekkeløp og limbodansing, lotterigruppa som fiksar gevinstar og lodd, og matgruppa. I tillegg skal alle levere minst ei langpannekake til salg, eller ei tilsvarande mengde muffins eller bollar.

Då eg var i komitéen for første gong i 2006, vart eg spurt om eg kunne sende ut nokre kakeoppskrifter på mail og i ranselpost slik at folk hadde noko å gå ut frå når dei skulle lage sitt bidrag. Det som står nedanfor her er den mailen som eg sende ut. Oppskriftene på kaker å dele tidlegare i bloggen er alle henta frå denne mailen, så eg lenkar til dei lenger nede. 

Nokre syns vel at det å få noko slikt på mail eller i sekken kan…

View original 870 fleire ord


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt

Appelsin- og rabarbracrumble med rømmekrem

$
0
0

Eg er alltid på leit etter gode rabarbraoppskrifter, og dette er ein vri som eg ikkje har prøvd før. Oppskrifta passar til ei lita paiform, og er nok dessert til ca. åtte personar.

Her var utgangspunktet for oppskrifta at eg hadde noko marsipan liggande som burde bli spist opp. Og kva gjer ein med marsipan midt på sommaren? Ein puttar den i ein rabarbrapai! Heilt logisk, ikkje sant? (Ja, og så låg det to appelsiner på fruktfatet og vansmekta.)

 IMG_4094Appelsin- og rabarbracrumble

300 g marsipan

100 g smør

3 dl havregryn

3 ss kveitemjøl

Riv marsipanen på rivjern.

Smuldre saman riven marsipan, kaldt smør, kveitemjøl og havregryn til ein smulete deig.

2 appelsiner

600 g rabarbra

2 dl sukker

½ ts kardemomme

Skrell appelsinen med kniv. Kutt den i bitar, fjern hinner og midten. Rens rabarbraen, og kutt den i bitar.

Bland saman alt til crumblen i ein bolle. Smuldre det saman til ein smulete deig.

Ha appelsin, rabarbra, sukker og kardemomme i ei gryte, og kok det i tre-fire minutt. La det kolne litt.

Ha rabarbrablandinga i paiforma. Smuldre crumble-deigen over. Bak paien i 25-30 minutt på 200 grader. Server med rømmekrem.

Rømmekrem

Eit beger rømme eller crème fraïche

4 ss melis

1 ts vaniljesukker

Litt sitronsaft

Rør saman alle ingrediensane i ein bolle. Smak til om det trengst meir av noko.


Arkivert under:Billig mat, Dessert, Fest, Kaker, Noko søtt, Veggis

Pærekake med macadamia-nøtter

$
0
0

Kvar gong eg finn macadamia-nøtter i ein butikk må eg berre kjøpe ein pakke, så gode er dei. I førtiårsdagen min var eg kompromisslaus, tre kilo macadamia-nøtter var det einaste snackset som sto framme. It’s my party, and I’ll snack as I want to, var slagordet. Dei smakar ganske enkelt så smøraktig, aromatisk og deilig at eg kunne levd på dei og friskt vatn, om eg måtte. Forutsatt at det er den salta typen, då.

I denne gode pærekaka må du ha salte nøtter. Du kan salte dei sjølv, ved å riste dei i ei varm panne og rulle dei i salt etterpå. Du kan også bruke ei salt nøtteblanding, det må ikkje vere macadamia, sjølv om det er aller, aller best. Slik gjer du det:

IMG_4847Pærekake med salte nøtter

2 dl (ca. 180 g) sukker

100 g smør

3 egg

3 dl (ca. 180 g) kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 dl pæresider (kan byttast ut med lake frå boks eller mjølk)

3 pærer

50 g salte nøtter, helst macadamianøtter

1 ss perlesukker

Sett omnen på 180 grader.

Pisk sukker og smør lyst og luftig. Rør egga inn eit og eit. Bland kveitemjøl og bakepulver. Vend det inn i smørblandinga. Rør inn væska til slutt.

Hell deigen i ei rund form (24 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Skrell pærene og del dei i skiver. Dytt pæreskivene ned i deigen. Dryss over hakka nøtter og perlesukker.

Steik kaka på nederst i omnen ved 180°C i 50 min.

Avkjøl kaka i forma. Løsne kaka frå forma ved å skjere forsiktig langsmed kanten med ein skarp kniv. Ta kaka ut av forma og fjern bakepapiret.  Eg skulle ta kaka med ut av huset, så eg lagde ho i ei paifom. Då smurte eg forma godt, og dryssa den med mjøl før eg hadde i deigen. Då gjekk det greitt å ta ut pene stykke. Server kaka med piska krem med litt vanilje, eller ei kule vaniljeis.


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt

Eplepai

$
0
0

Her for ei stund sidan lagde eg ein pai med dei aller siste epla som bror min hadde att i hagen. Her kasta ein ingenting, så det vart donert til meg, dei meinte vei at eg var den einaste som klarte å få noko ut av dei.

IMG_4904Med ein fortreffeleg epleskrellemaskin som eg har skaffa meg klarte eg å skjere tynnare og finare epleskiver enn eg nokon sinne før har klart. Du kan lage denne paien med eple frå butikken og, sjølvsagt. Grøne Granny Smith-eple er veldig gode, Jazz eller Pink Lady og.

Paien er ein mørdeigspai med ein søt mørdeig smaksett med sitronskal. Fyllet er laga som ein fransk flan, altså ein slags pudding av kremost, egg, sukker og vanilje. Det gir ein lett og mild krem som er ein fin base for saftige, seine hausteple.  Denne oppskrifta passar til ei relativt lita paiform, ca. 20 cm. Slik gjorde eg det:

IMG_4926Eplepai

120 g smør

250 g mjøl

50 g sukker

1 ts vaniljesukker

2 ss vatn

Sett omnen på 180 grader. Køyr i matmølle til det formar seg ein deigklump rundt kniven. Pakk den i plast og legg den i kjøleskapet. Etter ein time kjevlar du den ut, og legg den ned i forma.

IMG_4918Dytt deigen godt ut i alle kantar, og rull kjevlet over slik at du kuttar av overflødig deig.

Fyll:

300 g kremost

2 egg

75 g sukker

1 ts vaniljesukker

Fire eple, skrelt og i skiver

1 ts kanel

2 ss sukker

2 dl skiva mandlar

IMG_4920Skrell epla, fjern kjernehuset, og skjer eplekjøtet i tynne skiver. Pisk saman egg, kremost, sukker og vanilje.  Hell fyllet i paiskalet, og legg epleskivene oppå. Dryss over samanblanda kanel og sukker, og ha på mandlane til slutt. Bak paien på 180 grader i 40-45 minutt, til epla er pent gylne og møre. Server paien med litt piska krem eller vaniljesaus.


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt, Pai

Crumblepai med cornflakes, eple og tyttebær

$
0
0

Desserten i dag er ein crumble-pai med eple, pærer og tyttebær. Eg har fast tyttebærleverandør i mor mi, så eg driv stadig og eksperimenterer med artige måtar å bruke tyttebær på. Viss du ikkje har din eigen tyttebærleverandør kan du kjøpe frå frysedisken, eller du kan bruke tyttebærsyltetøy som du klattar oppå frukta før du legg på loket.

På fruktfatet låg det to eple og ei pære som måtte spisast fort, og då fekk dei vere med i desserten. La ditt fruktfat bestemme korleis din pai blir, denne kan godt lagast med berre eple eller berre pærer. Skal du kjøpe eple, så prøv å finne ein søtleg type. Tyttebæra er sure nok i seg sjølv, om dei ikkje skal treffe på oversure eple. Jazz, pink lady eller desse små first price-epla som du får kjøpt i ferdigpakka posar er perfekte til denne paien.

Loket på crumble-paien lagde eg av corn flakes av havre, det ga meg ei deilig sunn kjensle. Du kan sjølvsagt bruke vanleg corn flakes, eller frosties om du har det. Ein god granola eller musli kan også passe her. Slik gjorde eg det:

IMG_5145Crumblepai

2 søte eple

Ei moden pære

300 g tyttebær

 125 g sukker

1 ts kanel

½ ts kardemomme

2 ss maisennamjøl

 Topping:

100 g corn flakes, gjerne med havre

50 g kaldt smør i terningar

2 ss brunt sukker

2 ss mjøl

Set omnen på 180 grader. Rens frukta, og skjer den i passe store bitar. Ha den i ei bolle saman med tyttebæra. Bland saman sukker, kanel, kardemomme og maisenna, og hell det over frukta. Vend inn, og hell alt i ei eldfast form.

Ha mjøl, smør og sukker i ein bolle, og smuldre det saman. Ha i corn flakes, og smuldre dei inn i mjølblandinga. Fordel dette over frukta, og bak paien på 180 grader i 40 minutt. Server paien med vaniljekesam eller is.

Har du pai igjen dagen etter så spis restane til frukost med naturell yoghurt. Det er ei smaksbombe! :)


Arkivert under:Billig mat, Kaker, Noko søtt, Pai

Loppemarknadsbakst – Toscakake

$
0
0

Her hos oss er loppemarknadane i full gang, og med dei følgjer det bugnande kakebord.

Alle bidreg med sin spesialitet, og det er artig å sjå alle gode kakene som vert sett fram frå kvar ein heim. I dag kjem eg med nokre forslag til kaker som gjer seg godt på eit loppekakebord, som smakar godt og som er lette å dele.

Det er nokre triks som er verd å ta med seg når ein bakar for sal. For det første må ein passe på at kaka er gjennomsteikt. Eg har skrapa rå kaker i søpla, det er like trist kvar gong. Eg brukar ein spagettipinne for å sjekke at kjernen i kaka eg har bakt er tørr. Sit det røre att på spagettipinnen treng kaka nokre minutt til.

For det andre er det lurt at dei som skal selge deler opp kakene. Dei veit kva prisar dei skal ta, og då veit dei kor store stykka bør vere. Ein må få valuta for pengane i loppekaféen, samtidig som det er praktisk å ha same pris på alle kakestykke. Då bør ein unngå å dele opp kaka heime. Det er også lettare å dele opp ei kake som har stått litt. Heilt nysteikte kaker smular lett, og klistrar seg til kniven.

Det er fint med variasjon, så bollar av ulike slag er alltid velkomment. Men pass på å la dei heve lenge nok, små gnaltrar er ikkje så spennande å kjøpe. Mykje kan reddast med eit melisdryss, men bollar som ikkje har heva står ikkje til å redde. Bollar og kanelbollar bør ha litt storleik, slik at dei som handlar føler dei får litt for pengane. Det same gjeld muffins. Dei minste muffinsformene gjer dessverre ikkje nytta. Eg brukar ofte dei amerikanske muffinsformene som du får mange stader, dei gir store og saftige muffins som ein kan ta godt betalt for utan å skjemmast.

Husk på at alle vanlege langpannekaker og formkaker også kan bakast som muffins. Dei treng høgare steiketemperatur og kortare steiketid, men røra kan altså vere den same.

I dag har eg laga ei klassisk toscakake. Den er kjempepopulær, bortsett frå brownies er det alltid toscakaka som vert raskast utselt. Mine oppskrifter i dag er til ei stor langpanne, då får du mange stykke, og god uttelling for innsatsen. Oppskrifta til toscakaka er eigentleg ei lys basisrøre som du kan smaksette som du vil. Slik lagar du toscakake:

IMG_5950 kopiToscakake

6 egg

6 dl sukker

2 dl rømme eller kesam

1 dl mjølk

9 dl kveitemjøl

4 ts bakepulver

250 g smelta smør

Sett omnen på 180 grader. Visp egg og sukker til eggedosis. Bland i rømme/kesam og mjølk. Bland mjøl og bakepulver, og sikt det i medan du rører jamt og trutt. Ha i det smelta smøret til slutt. Legg bakepapir i ei stor langpanne med høge kantar, og steik kaka på 180 grader i 20-25 minutt.

Til glasur:

150 g sukker

150 g smør

150 g hakka mandlar

2 ss kveitemjøl

4 ss mjølk

Medan kaka steiker første runde lagar du glasuren. Smelt smøret i ei gryte. Bland sukker, hakka mandlar og mjøl, og ha det oppi smøret. Ha i mjølka til slutt. La blandinga koke i 2-3 minutt medan du rører godt i botnen. Denne glasuren kan legge seg i grytebotnen viss du ikkje passar på.

Ta kaka ut, og brei over glasuren. Steik kaka på nytt i 10-15 minutt, slik at glasuren vert pent brun. Siste runde kan du godt sette kaka ei rille høgare i omnen. Følg med så glasuren ikkje vert brend. Sjekk med ein spagettipinne om kaka er gjennomsteikt.

Ta kaka ut, og la den kolne før du løfter den ut av forma. Denne kaka bør lagast dagen før den skal serverast. Elles er den veldig vanskeleg å skjere opp. Bruk ein skarp konditorkniv, og skjer med sagande tak gjennom karamelltoppen først.


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt

Bringebærmuffins

$
0
0

Muffins er alltid populære, spesielt viss du pyntar dei på ein morsom måte er det mange som får lyst på dei på ein kakebuffé. Eg lagde mine med bringebær, men her kan du bytte ut fyllet med eplebitar, blåbær, bjørnebær, ein klatt fast jordbærsyltetøy eller berre bake dei som dei er.

Bringebær var sesongvare før, men no får du tak i dei i små beger året rundt, nesten. Klimamessig er det ikkje så bra, men til fest kan ein kanskje tillate seg det.


IMG_5936Bringebærmuffins

Lag ein halv porsjon basisrøre som til toscakake.

Set omnen på 200 grader. Lag røra som beskrive i toscakakeoppskrifta, men fyll røra i muffinsformer i staden for i langpanne. Fyll formene ca. 1,5 cm opp, og legg eit bringebær i kvar form. Fyll etter slik at formene er 2/3 fulle. Steik muffinsa på 200 grader i ca. 20 minutt.

Topping

250 g smør, romtemperert

380 g melis

1 dl fløte

2 ts ekte vaniljesukker

Farge om du vil

IMG_5949Pisk smør og melis til ein lys krem med miksar. Skrap ned frå kantane innimellom slik at alt blandar seg godt. Pisk inn fløte og vaniljesukker til slutt, og rør til alt er homogent og glatt. Her kan du tilsette smak, som sitron, romdropar eller andre ting som passar til muffinsa.

Fyll kremen i ein sprøytepose og sprøyt den på muffinsa ved at du lagar ein ring langs kanten først, og så jobbar du deg innover. Pynt med eit bær, eller det du måtte ha av strø.


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt, Oppskrifter for barn

Gulrotmuffins

$
0
0

Gulrotkake er alltid godt, og når røra vert fylt i muffinsformer i staden blir det gulrotmuffins. Då må du sette opp temperaturen 20 grader i steikeovnen, og la steiketida vere litt kortare. Også her kan du bruke spagettitesten for å finne ut om dei er ferdige.

Eg brukar dei stødige amerikanske muffinsformene som eg mellom anna kjøper på ICA. Dei er solide, og når muffinsa skal selgast på loppemarknad eller korpskafé gir kvar muffins såpass mykje “mat” at ein kan ta ordentleg betalt for dei. Bildet viser gulrotkake i langpanne. Slik gjer eg det:

IMG_5951Gulrotkake

400 g fint revne gulrøtter

3 egg

3 dl sukker

2 ½ dl matolje utan smak, raps, mais eller soya.

4 dl mjøl

2 ts bakepulver

1/2 ts salt

1 ss vaniljesukker

1 ss kanel

1 ts kardemomme

Sett omnen på 180 grader, 200 grader viss du skal lage muffins. Riv gulrøttene fint. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland alt det turre. vend gulrøttene inn i eggedosisen, og rør forsiktig inn mjølblandinga vekselsvis med oljen.

Sett muffinsformer ut over eit bakebrett, eller dekk ei lita langpanne med bakepapir. Ha røra i, og steik muffins på 200 grader i 20 minutt, langpanne i 180 grader i 35 minutt. Prøv med ei kakenål eller ein spagettipinne om kaka er steikt.

Fyll gjerne røra i eit litermål viss du skal lage mange muffins.  Eg lagde 36, i store former, pluss ei lita langpanne. Eg trur eg ganga opp oppskrifta 3 gongar. Med glasur lagd med melis og eggekvite er denne kaka fin til mjølkeallergikarar.

Glasur

200 g kremost, Philadelphia-ost eller Tine Naturell kremost

300 g melis

Ei teskei vaniljesukker

Ein sprut sitronsaft

Pisk dette saman til ein glatt krem, og smør det ut over kaka etter at den har kolna.


Arkivert under:Billig mat, Fest, Kaker, Noko søtt

Islandskake

$
0
0

Når ein har fest er det staseleg å servere ei god kake til dessert. Første gongen eg fekk servert Islandskake så vart eg reint euforisk, så god var den. Den er ei bombe, så du treng ikkje så stort stykke, men det stykket du et er tilgjengjeld knallgodt. Viss du vil lage ei lettare (og raskare) utgåve av kaka kan du bytte ut smørkremen med vaniljekrem. Slik gjer du det:

IMG_5989Islandskake

6 eggekviter

3 dl sukker

½ ts salt

1 ts søtleg eddik

3 dl kokosmasse

75 g kokesjokolade – grovhakka

1 ss potetmjøl

½ ts bakepulver

Fyll:

6 eggeplommer

1 ¼ dl kremfløyte

150 gram sukker

1 ts maisennamjøl

2 ts ekte vaniljesukker

150 gram smør (skal piskast inn til slutt)

200 g svisker

3-4 dl vatn

Til pynt:

3 dl kremfløte

Ein pose daimkuler

Litt nøtter, eg brukte macadamia-nøtter

IMG_5987Set omnen på 175 grader.

Pisk eggekvitene med salt og eddik, ha i sukkeret litt og litt, og pisk vidare til du har ein seig og fin marengsmasse. Vend inn kokosmasse, hakka sjokolade, potetmjøl og bakepulver.

Ha deigen i ei rund springform, eg brukte ei som var 24 cm i diameter. Legg matpapir over botnen før du set ringen på forma. Steik kaka nederst i omnen på 175°C i 45 min. La kaka bli heilt kald, gjerne i forma, før du legg kremen på.

Lag smørkremfyllet ved å blande eggeplommer, fløyte, sukker og vaniljesukker i ei panne og varm det sakte opp. Dette må varmast godt opp, nesten til kokepunktet ei lang stund. Rør heile tida. Ikkje gjer denne prosessen for fort, då vert fyllet ikkje stivt. Du ser at det tjuknar etter kvart. Ta det av varmen når eggeblandinga er ferdig, og set den kaldt. La eggeblandinga kolne heilt før du piskar i smøret.

Kok sviskene i fem minutt, ta dei av plata og la dei stå i vatnet til dei har blitt godt bløytte. Dei skal vere så mjuke at du kan klemme dei flate. La dei renne av. (Kokevatnet er godt å drikke.)

Smør fyllet på den heilt avkjølte kakebotnen. Legg sviskene oppi smørkremfyllet. Pisk krem, og brei over kaka. Dryss på daimkuler og hakka nøtter.


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt

Sjokoladekake med raudbeter

$
0
0

Her om dagen lagde eg denne gode salaten med raudbeter i. Pakken med raudbeter inneheldt fire stykke, så når eg sto der og hadde laga ein lekker salat, så hadde eg to kokte raudbeter att. Kva gjer ein då? Bakar kake med dei, sjølvsagt. Ei saftig sjokoladekake vert berre endå betre og meir smakfull med raudbeter i. For ikkje å snakke om sjokoladekremen oppå, som eg berre elskar, utan atterhald. Den er ganske enkelt knallgod.

Kokkar driv og styrer med usalta smør i kaker. Det syns eg er noko fjas. Det gode norske salta smøret er akkurat passe til kaker, og framhevar sjokoladesmaken på ein uovertruffen måte.

IMG_6604Sjokoladekake med raudbeter

250 g kokte og skrelte raudbeter

200 g mørk sjokolade

200 g smør

140 g mjøl

1 toppa ts bakepulver

50 g kakaopulver

5 egg

190 g brunt sukker (kan byttast ut med vanleg sukker)

Varm omnen til 180 grader. Smør ei 24 cm springform med smør rundt kantane, og legg eit bakepapir i botnen på forma før du spenner ringen på.

Skjer raudbetene i terningar, og køyr dei til ein mos i matmølle.

Smelt sjokoladen i mikrobølgeovn eller i vassbad. Rør inn smøret i små terningar, og rør til sjokoladeblandinga er glatt. La den kolne litt.

Sikt mjøl, bakepulver og kakao saman i ein bolle. Skill egga. Pisk eggeplommene til dei skummar. Rør dei inn i sjokoladeblandinga, og vend inn raudbetmosen.

Pisk eggekvitene stive, og rør inn sukkeret. Rør litt til, men det skal ikkje bli marengs. Vend blandinga inn i sjokoladeblandinga, og ha til slutt i mjølblandinga.

Hell røra i kakeforma, og bak kaka i 40 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne om kaka er gjennomsteikt. Sit det deig att på pinnen når du tek den ut, må den stå litt til.

Denne oppskrifta fyller altså ei 24 cm form. Mi form var ikkje meir enn 20 cm, men det gjorde at eg også kunne fylle åtte muffinsformer. Sett dei inn i omnen saman med kaka, men ta dei forsiktig ut etter ca. 20 minutt, og la kaka steike vidare. Husk på å sette kaka innerst, du må kunne nå muffinsformene med ein steikespade.

IMG_6620Glasur:

1 dl vatn

2 ss sukker

150 g smør

250 g mørk sjokolade, hakka

Kok opp vatnet med sukker og smør, la det stå på plata til sukkeret og smøret har smelta. Ta kjelen av plata, og rør inn sjokoladen. Rør til den og har smelta. No er denne glasuren ganske tyntflytande, men etter kvart som den kolnar vil den tjukne. Når det har gått ca. ein time er den heilt perfekt i konsistensen. Sprei den på kaka, og sett kaka kaldt. Pynt med det du måtte ha for handa, eg brukte melis på kaka, og granateplefrø på muffinsa.

Med denne kaka (og spesielt denne glasuren) vert du den mest populære påskekokken. Fortsatt god påske!


Arkivert under:Fest, Kaker, Noko søtt, Sjokoladekake
Viewing all 53 articles
Browse latest View live